Eidfjord Resort må vurderast på nytt
Eidfjord, Vestland
Álggahuvvon: 09.04.2026 bokte Torgeir Myrvang
Maŋimuš beaivi, goas nama sáhttá čállit áššái: 14.04.2026
Planane som ligg til grunn for Eidfjord Resort vart vedtekne av tidlegare kommunestyre. Seinare har me fått mykje ny kunnskap om både villrein og natur. Me veit meir om kor sårbar villrein er for ferdsel frå folk, og me veit meir om myra si betydning i klimasamanheng.
Dersom du skriv under på dette, er du med og fremja at Eidfjord Resort må vurderast på nytt av sitjande kommunestyre. Å vurdera saka på nytt vil ikkje medføra utgifter for kommunen. Uansett utfall av Eidfjord Resort, er det viktig for lokaldemokratiet at vanskelege saker som dette vert grundig opplyst og drøfta.
Ei realisering av Eidfjord Resort vil føra til nedbygging av natur og til auka ferdsel på Hardangervidda. Kan me tillata at det skjer? Alt me ber om i fyrste omgang er at kommunestyret – i ljos av ny kunnskap – ser på saka med nye augo, og drøftar fylgjande:
1. Korleis vurderer de at ei realisering av Eidfjord Resort vil påverka det nasjonale og internasjonale ansvaret de har for villreinen som art?
2. I kva grad har de vurdert risikoen for omdømetap ved realisering av Eidfjord Resort, og kva negative konsekvensar dette kan gje for arbeidsplassar tilknytt turistnæringa?
3. I kva grad vurderer de at dei eldre konsekvensutgreiingane og vurderingane etter naturmangfaldlova som låg til grunn for Eidfjord Resort er tilstrekkelege i dag?
4. Sett i ljos av Sivilombodet sine fråsegner i m.a. sak 2024/1708 og sak 2024/1117 og anna nyare praksis knytt til konsekvensutgreiingar, har de vurdert risikoen for at eit nytt igangsetjingsløyve kan verta erklært ugyldig ved ein eventuell rettsprosess på grunn av utdatert kunnskap?
Okta kommentára:
Håvar Opstad Sæbø