1 Grei ut om saka di
2 Samle underskrifter
3 Få saka vurdert

    Nei til biogassanlegg i Ølen!

    Vindafjord, Rogaland
    Nei til biogassanlegg i Ølen!
    Oppretta: 30.04.2025 av Tore Tverå
    Sluttdato for signering: 30.10.2025
    Me som er naboar til det nye biogassanlegget I Ølen er svært bekymra for framtida. Me har lese om korleis det gjekk t.d. på Stord då Renevo opna eit tilsvarande biogassanlegg der i 2023. Der starta luktproblema allereie første dagen det vart opna, ifølge naboar, og det vart så ille til slutt at statsforvaltaren etter kort tid måtte inn og stenge bedrifta. Då lukta frå Renevo Stord var på det verste, spreidde den seg fleire kilometer. Anlegget som er planlagt i Ølen er 10 gonger så stort som det på Stord! Her kan du lese rapporten til Statsforvaltaren: https://www.statsforvalteren.no/vestland/miljo-og-klima/avfall-og-gjenvinning/inspeksjonsrapport-etter-tilsyn-hos-renevo-sitt-biogassanlegg-pa-stord/?utm_source=chatgpt.com og her kan ein lese kva NRK.no skriv om saka: https://www.nrk.no/vestland/nesten-nytt-biogassanlegg-pa-stord-stenger-1.16610050. Dette er nokre av årsakene som gjorde at Statsforvaltaren stengde drifta: • Det var mangel på kjennskap til regelverk som gjeld for drifta. Dei handterte bla avfall dei ikkje hadde løyve til. • Det var mangel på kompetanse og leiarskap i bedrifta. • Det var manglande risikovurdering og handlingsplan. • Det var manglar for rutinar og avvikshandtering. • Det var manglande overvaking og oppdatering. Biovind har pr. nå ingen biogassanlegg i drift. Det gjer at me fryktar dei manglar kompetanse på det som har med eit slikt anlegg å gjere. Dette medfører ein kjempestor risiko. Det blir påstått at det er ny teknologi, men ifølge rapporten frå Statsforvaltaren så var det ikkje i hovudsak teknologien som var problemet på Stord, men mangelen på kompetanse hos leiing og tilsette. Ein annan grunn til at Renevo på Stord er stengt er pga. pengeproblem. Desse anlegga slit med å få lønnsemd på drifta etter at subsidiane er brukt opp. Dette aukar og risikoen for at dette anlegget ikkje klarer å halde drifta forsvarleg. Me meiner eit biogassanlegg må ligge milevis frå busetnad, og Ølen sentrum er derfor heilt ueigna som lokasjon. Her er ei liste over nokre av bekymringane me har: • Luktproblem: Me er redd det blir dårleg lukt frå biogassanlegget ved vanleg drift, spesielt under visse vêrforhold som vind og høg luftfuktigheit. Og ikkje minst ved driftsproblem og risiko for manglande kompetanse. Biogassanlegg produserer ubehageleg lukt frå organisk avfall som matrestar, gjødsel og anna biologisk materiale. Denne lukta vil vere plagsam for dei som bur i nærleiken. • Støyforureining: Støy, særleg frå maskineri og prosessar som krev pumping og komprimering av gass. Støyforureining vil vere eit problem for innbyggarane som bur nærme, spesielt med tanke på at anlegget skal drivast døgnet rundt. • Risiko for forureining: Forureining knytt til lekkasjar av biogass (metan) og anna forureining kan kome frå anlegget. Metan er en potent drivhusgass, og lekkasjar kan ha negativ effekt på miljøet. • Helserisiko: Det er bekymring for moglege helsekonsekvensar ved å bu nær eit biogassanlegg. Både luftvegssykdommar og hudproblem kan oppstå når ein blir eksponert for kjemikaliar som blir sleppt ut frå anlegget. Stress pga. støy og lukt er ein annan mogleg konsekvens. • Trafikkproblematikk: Det er svært mange trailerar som skal passere Ølen sentrum, forbi skular og busetnad på veg til Nerheim industrifelt. Dette kan skape farlege trafikksituasjonar og meir slitasje på vegane. • Ølen – administrasjonssenteret i Vindafjord kommune - blir ein mindre attraktiv stad å bu: I følgje Vindafjord kommune si nettside kan ein lese «Ei moglegheitsstudie av Ølen sentrum». «Moglegheitsstudien ser på korleis Ølen sentrum kan utvikla seg til ein attraktiv stad der folk trivst og ønskjer å vera. Moglegheitsstudien ser på kva Ølen kan bli i framtida. Dette handlar om å sjå på korleis Ølen kan utvikle seg i eit kortsiktig perspektiv (i morgon) og i eit langsiktig perspespektiv fram mot 2050». Sitatet er henta frå Vindafjord kommune si nettside 28.04.25: https://www.vindafjord.kommune.no/vakre-vindafjord/bu-i-vindafjord/bygdene/olen/. Her kan ein lese meir om moglegheitsstudien: Ølen - Sjøperlo på Haugalandet https://storymaps.arcgis.com/stories/6282abe50b5b48e0b945807760153e3a Då lukta frå Renevo Stord var på det verste, spreidde den seg fleire kilometer, ifølge rapporten frå Statsforvaltaren. Dette er dårleg nytt for Ølen sentrum. Skal denne stanken vere det som definerer oss i framtida? Skal Ølen bli kjend for å vere ein stad som luktar drit?? Skal Ølen bli mindre attraktiv for nåverande og potensielle nye innbyggjarane??? Me meiner frykta vår er høgst reell. Me ber derfor innbyggjarne i Ølen om å signere og dele dette oppropet, Vindafjord kommune om å seie nei og Statsforvaltaren og Biovind AS om å finne ein ny og betre lokasjon for biogassanlegget. .

    12 kommentarar:

    Erik Hundhammer

    Torsdag 01.05.2025
    Det må stoppes!

    Torhild J Hundhammer

    Torsdag 01.05.2025
    Dette må stoppes!

    Mats jørgen vikestad

    Torsdag 01.05.2025
    Nei takk!

    Ingunn Søndenå

    Onsdag 30.04.2025
    Nei til biogassanlegg

    Kurt-Arve Søndenå

    Onsdag 30.04.2025
    Nei takk biogassanlegg.

    Roger digernes

    Onsdag 30.04.2025
    Nei takk!!!

    Ingvard Vaka

    Onsdag 30.04.2025
    Nei til biogassanlegg i Ølen!

    Tore Tverå

    Onsdag 30.04.2025
    Spre budskapet! Og få heile husstanden til å signere.

    Anne Iren Mosdal

    Onsdag 30.04.2025
    Dette må stoppast!

    Tor Martin Heggebø

    Onsdag 30.04.2025
    Viktig budskap, her må me engasjera oss NÅ!!!

    Tore Tverå

    Onsdag 30.04.2025
    Heilt einig Johannes. Hugs å signer i tillegg til kommentar

    Johannes Langhelle

    Onsdag 30.04.2025
    Einig i at eit så risikabelt prosjekt som dette anlegget bør utviklast først til å fungere i mindre målestokk med både teknologi, kompetanse og plassering før det vert sett i gong i Ølen!

    Legg til kommentar

    Kommentarar som ikkje er signert med fullt namn, eller på anna vis bryt med vilkår for bruk, vil bli sletta.

    Skriv under denne saka

    Fyll inn namn, adresse og postnummer for å signere saka. Du må oppgje desse opplysningane slik at signaturen din kan verifiserast.