1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Framtidsretta bruk av Leikanger skule

    Herøy, Møre og Romsdal
    Framtidsretta bruk av Leikanger skule
    Opprettet: 17.08.2026 av Tordis Eiksund Leikanger
    Sluttdato for signering: 16.02.2027
    INNBYGGJARINTIATIV: Framtidsretta bruk av Leikanger skule ei vinn-vinn-løysing for heile Herøy kommune Krav til Herøy kommunestyre: Underteikna krev, i samsvar med kommunelova § 12-1 om innbyggjarinitiativ, at kommunestyret i Herøy fremjar og behandlar ei eiga sak om å flytte barnehagedrifta på Leikong opp i den eksisterande 1. etasjen til skulen. Det er ikkje tidlegare fremja innbyggjarinitiativ om saka, og den er ikkje tidlegare handsama i denne valperioden. BAKGRUNN OG GRUNNJEVING: Bygningsmassen på Leikong er moderne, universelt utforma og i god stand. Ved å flytte dagens barnehage opp frå kjellaretasjen til dei nye skulelokala frå 2016, oppnår ein ei optimal og berekraftig utnytting av eksisterande kommunal bygningsmasse og eigedom. HOVUDARGUMENT FOR SAKA • Stor økonomisk gevinst: Ved å velje løysinga på Leikong kan Herøy kommune vidareføre effektiv bruk av eksisterande bygningsmasse i staden for nybygging. Ei vidareføring vil frigje midlar som Herøy kommune til dømes kan bruke for å sikre tilfredsstillande barneskule på Bergsøya. • Minimalt investeringsbehov: Skulebygget på Leikong stettar krav til universell utforming. Vi viser til eige dokument for skildring av løysingar, stetting av formelle krav og kostnadsoverslag. • Moderne fasilitetar og HMS: Uteområdet er ferdig opparbeidd med inngjerding, nyare leikeapparat, ballbinge og kunstgrasbane. Logistikken rundt henting og levering er nyleg oppgradert med trygg trafikkløysing og bussløyfe. Nærmiljøet har enkel tilgang til skog, turløyper og gapahuk, heilt skjerma frå støy og trafikk. • Sikring av lokalsamfunnet: Barnehagedrift i lokala til skulen vil sikre framleis aktivitet i bygget, noko som er viktig for å oppretthalde Grendahuset som det sosiale hjartet for dei kring 600 innbyggjarane på Leikong. Ein attraktiv barnehage vil styrke etablering og bulyst i bygda. Dette er ikkje berre eit lokalt tiltak for Leikong, men ei samfunnsøkonomisk vinn-vinn-løysing for heile Herøy kommune. Vi krev at kommunestyret i Herøy får lagt fram og behandlar ei eiga sak om å flytte barnehagedrifta på Leikong inn i den eksisterande 1. etasjen til skulen. Kommunedirektøren må få i oppdrag å utgreie dette som ei eiga politisk sak. Leikong 15. august 2026 Initiativtakarar: FAU Leikanger Barnehage v/ Tordis Eiksund Leikanger Leikanger Grendahus v/Lene Havåg og Henry Jøsokbakke Jøleik skulekorps v/Oline Kleppe og Siri A. Myklebust Leikong Blandakor v/Bjarne Voldnes Gurskøy IL v/Steffen Moltu Engasjerte bygdefolk
    128 av 179 underskrifter
    Skriv under sak Se underskrifter

    2 kommentarer:

    Punnama K. Torvik

    Tirsdag 18.08.2026
    Vi vil at bhg skal flytte opp til skolen.

    Ioannis Olav Liandris

    Mandag 17.08.2026
    Vi vil at bhg skal flytte opp til skolen

    Legg til kommentar

    Kommentarer som ikke signeres med fullt navn, eller på annen måte bryter med vilkår for bruk, vil bli slettet.

    Skriv under denne saken

    Fyll inn navn, adresse og postnummer for å signere saken. Informasjonen må oppgis slik at signaturen din kan verifiseres.