1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    DESENTRALISERT HELSE OG OMSORGSTENESTE I STAD.

    Stad, Vestland
    DESENTRALISERT HELSE OG OMSORGSTENESTE I STAD.
    Opprettet: 27.04.2026 av Anders Lien
    Sluttdato for signering: 27.10.2026
    NEI TIL SENTRALISERING – JA TIL LEVANDE BYGDER MED TRYGGE OG LIKEVERDIGE HELSETILBOD! Utan politisk klarering, og utan involvering frå dei som vert råka, brukarar, pårørande og lokalsamfunn, arbeider administrasjonen i Stad etter ei plan som vil halvere institusjonsplassane på Seljetunet og definere dei om til HDO-plassar. Dei mest krevjande pasientane skal til Hogatunet, medan Seljetunet i større grad skal ta imot pasientar med kortvarige og mindre omfattande behov. Vi har sett liknande prosessar før i Stad kommune. Det førte til nedlegging av eldrebustadane på Flatraket og Bryggja omsorgssenter. Begge uforståelege vedtak i ein situasjon der behovet for slike tilbod aukar. Dokumentasjon på oppnådde føredelar har kommunen aldri presentert. Dette finn vi oss ikkje i lenger. Difor krev vi at det snarast vert lagt fram ei sak for politisk handsaming i Stad formannskap/kommunestyret som omhandlar framtidig organisering av helse og omsorgstenesta i kommunen, med utgangspunkt i eksisterande bygningsmasse, og som ivareteke: 1. Desentraliserte, fullgode helse- og omsorgstilbod på Flatraket, Leikanger, Bryggja og Selje. 2. Opprettheld noverande/auka institusjonsplassar ved Seljetunet. 3. At opne, inkluderande prosessar med reell innbyggarmedverknad vert gjennomførte før vedtak. Støtt oppropet — vi treng minst 2 % eller 300 underskrifter for politisk handsaming. Signeringa er anonym for ålmenta. Frist for signering 03.05.26

    Én kommentar:

    Anders Lien

    Mandag 27.04.2026
    Håpar mange støttar saka

    Legg til kommentar

    Kommentarer som ikke signeres med fullt navn, eller på annen måte bryter med vilkår for bruk, vil bli slettet.

    Skriv under denne saken

    Fyll inn navn, adresse og postnummer for å signere saken. Informasjonen må oppgis slik at signaturen din kan verifiseres.