Sal av Kommunetunet i Eikelandsosen
Bjørnafjorden, Vestland
Opprettet: 24.06.2025 av Øystein Tholo
Sluttdato for signering: 24.12.2025
Bjørnafjorden kommune er i ferd med å selja Kommunetunet i Eikelandsosen. Det vert gjort utan grundige konsekvensanalysar; korkje økonomiske, kulturelle eller strategiske med tanke på samfunnsutviklinga i gamle Fusa. Som føresetnad for samanslåing låg intensjonsavtale om likeverdige tilbod på begge sider og at Eikelandsosen skulle vera kommunedelsenter. Utviklinga syner det motsette.
Lesarinnlegg, interpellasjonar og klare ytringar frå innbyggjarar og tilsette på austsida av Bjørnafjorden har åtvara om ulike negative konsekvensar ved å selja ut Kommunetunet. Dette er folk som kjenner Fusa, folket og tenestene. Slikt er ikkje utidig innblanding i interne prosessar, men engasjerte innspel frå dei som vert råka. Kommunestyret må tenkja seg godt om før dei gjer endeleg vedtak. At tenestetilbodet er gradvis redusert, dels rasert i gamle Fusa, og at arbeidsplassar er flytta til Os, synest vera ein villa politikk for å kunna forsvara yttarleg sentralisering og sal av Kommunetunet.
Dette aksepterar ikkje fusingane!
Underskrivarane krev at Bjørnafjorden kommune legg fram ein skikkeleg konsekvens- og risikoanalyse før eventuelt vedtak om sal.
22 kommentarer:
Ove Høysæther
Astrid molina
Ole Bjørn Eikeland
Kim Bjarne Rosenkrone
Jonas Ragnhildstveit
Roald Holven
Lena Espenes
Matti Rautio
Gunnar Forland
Sigrun Austestad
Eli Torild Hellandsjø Bu
Lasse Austestad
Denise Curran Fagervik
Johan Matland
Turid Skjelbreid
Mairi Jõgiaas
Solfrid Malkenes
Linda-Beate Nordbø Rosvoll
Linda Synnøve Kongestøl
Torgeir Berge
Silje Lien Holmefjord
Stine Marie Bråthen
Ove Høysæther